Arveavgift og generasjonsskifte – er tida inne?

18/03/21

Kvinne i familiebedrift som jobber hjemmefra

Ein stor og viktig del av eit generasjonsskifte er å etablere ein god struktur på eigarskap og drift før bedrifta blir overført til neste generasjon. Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Planar om generasjonsskifte? Ta tak før ny arveavgift

13. september i år er det igjen stortingsval, og gjeninnføring av arveavgift vert peika på som ei mogleg endring dersom det vert regjeringsskifte. Har du tankar og planar om generasjonsskifte, kan det vere hensiktsmessig å ta tak i dette no medan verksemda kan overførast utan at det blir arveavgift. Tida er knapp fram til valet og erfaringar viser at både det å overføre verdiar og overlate roret til neste generasjon, tek tid. 

Det er også verdt å merke seg at dersom det på nytt blir innført arveavgift, vil det vere ein risiko for at grunnlaget for berekninga av arveavgifta i større grad enn tidlegare blir basert på verkeleg verdi. Tidlegare var grunnlaget basert på skattemessige formuesverdiar, som oftast er betydeleg lågare enn verkeleg verdi.

Kanskje kan generasjonsskifte vere ei kjelde til fornying?

Familiebedrifter vert ofte sett på som robuste ved at eigarane har fokus på ei langsiktig sunn drift og verdiskaping, på tvers av generasjonar.  Samstundes kan familiedynamikken og ikkje-forretningsmessige omsyn øydelegge. Dette ser vi særleg når verksemdene er i omlegging eller endring, som ved overgang mellom generasjonar. Endra aksjonærstruktur eller endringar i leiinga kan by på nye utfordringar. Eit generasjonsskifte kan såleis utløyse ei rekkje problemstillingar som går langt utover frykta for ei mogleg ny arveavgift. Kanskje kan det også vere kjelde til fornying og auka innsats på viktige områder? 

Sikring av vekst og utvikling for komande år

PwC si ferske internasjonale undersøking “10th Global Family Business Survey - From trust to impact. Why family businesses need to act now to ensure their legacy tomorrow” tek temperaturen på tilstanden til familieeigde verksemder over heile verda. Den viser mellom anna at den digitale utviklinga går tregt. 

38 prosent svarar at verksemda har gode digitale evner. Tilbake i 2018 svarte 80 prosent at dei var urolege for innovasjon og utvikling. Kanskje kan eit generasjonsskifte vere endringa som trengst for å setje sentrale utviklingsbehov på agendaen? 

Felles på tvers av generasjonar og eigarskap står gjerne eit ønskje om å sikre vekst og utvikling også for komande år. Dette krev planlegging, samarbeid og evne til å tenkje langsiktig. 

Et godt gjennomført generasjonsskifte er viktig, både for familiebanda og for verdiane i selskapet. Om du vurderar å gje ansvaret vidare til neste generasjon, er det tida for dette no medan det framleis ikkje er arveavgift.

Gunnar Bøyum,advokat og direktør i PwC


Etabler ein god struktur på eigarskap og drift

Ein stor og viktig del av eit generasjonsskifte er å etablere ein god struktur på eigarskap og drift før bedrifta blir overført til neste generasjon. Og det er ikkje nødvendigvis slik at det beste for bedrifta er det beste for familien, og omvendt. Bedrifter som har gått i arv har ofte vakse, både i omfang og eigarskap. Det løner seg difor å kartlegge kva alternativ ein har, og kva som vil vere lønsamt, fornuftig og bærekraftig på lang sikt.

Start tidleg med planlegginga

PwC har lang erfaring med å bistå familieeigde bedrifter med generasjonsskifte. Eit viktig råd er å starte tidleg. Senior kan bestemme veldig mykje sjølv dersom overføringa skjer medan senior er i livet. Dersom senior fell i frå før det er gjort noko, vil arvelova sine reglar regulere arveoppgjeret dersom arvelatar ikkje har oppretta testament. Arvelova gjev ei rettferdig fordeling av dei økonomiske verdiane, men ikkje nødvendigvis eit ønska framtidig eigarskap. 

 

Viktige spørsmål for deg som vurderar generasjonsskifte 

  • Kva ønskjer du å oppnå, kva ønskjer du å unngå? 

  • Er sal av verksemda eit alternativ?  

  • Er arvingane klare til å ta over, og er dei eigna til det?

  • Er det behov for å skilje leiarskap frå eigarskap?

  • Korleis ønskjer du å overføre verdiane? 

  • Er det behov for endringar i organisering og aksjonæravtalen? 

  • Kva er verdien på bedrifta?

  • Kva skattemessige konsekvensar får dei ulike alternativa?

I eit generasjonsskifte møter ein på eit samansett regelverk av mellom anna arverett, selskapsrett og skatterett. Det vil vere ei nyttig investering å la fagfolk lose deg gjennom eigarskiftet – så både du, familien og bedrifta kjem godt ut av det.

Vi kan hjelpe din familiebedrift

I PwC har vi spisskompetanse på de særegne utfordringene familieeide selskaper møter på etter hvert som virksomhet, eierstruktur og styresett modnes og utvikler seg. Ved hjelp av erfaring, utviklede verktøy og dedikert fokus bistår vi familiebedrifter med å se muligheter og nyttiggjøre seg fordelene ved denne eierformen, og samtidig gjøre proaktive grep for å minimere de risikoelementer de står overfor.

Kontakt oss for ein prat

 

Kontakt oss

Gunnar Bøyum

Gunnar Bøyum

Direktør | Advokat, PwC Norway

Tlf: 952 61 313