Velkommen til PwC i Nordvest

Om PwC i Nordvest

I Nordvest er vi 76 tilsette. Av desse er 3 advokatar og ein advokatfullmektig. Dei 72 andre arbeider innan revisjon, rådgjeving og rekneskap. Av desse er 23 statsautoriserte revisorar og 49 har utdannning på master- eller siviløkonomnivå. Medarbeidarar med lokale røter og høg kompetanse gjer at våre kundar kan vere trygge på at vi har lokalkunnskap og forstår dei problemstillingane som bedriftene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal må ta stilling til. I tillegg gjer vårt godt utbygde kontornett, med kontor i Førde, Florø, Molde, Måløy, Sogndal, Stryn, Ulsteinvik og Ålesund, til at vi er raskt tilgjengelege same kor ein driv forretning i Nordvest.

loading-player

Playback of this video is not currently available

Hør podcast med Jan Flølo, partner og leder for PwC i Nordvest


Vi tilbyr tjenester innen:

Revisjon

For oss handler revisjon om å skape tillit. Revisjon er eit fagområde med røter fleire hundre år bak i tid. Sidan oppstarten i 1849 har PwC revidert verksemder av ulike storleikar i alle bransjar. Eit rekneskap revidert av PwC er eit kvalitetsstempel og ein tryggleik for eigarar, styret og leiinga: Desse skal være trygge på at rekneskapen gir eit rett bilete av verksemda sin reelle finansielle situasjon, slik at avgjerder kan fattast på basis av rekneskapen. Vi held oss oppdatert på det som skjer innan rekneskap, skatt og avgift – både nasjonalt og internasjonalt. Denne kunnskapen deler vi med dykk.

Kontakt: Jan Ove Helle | Partner

Se mer

Bedriftsøkonomisk rådgjeving

Beste praksis er bra, men det er alltid rom for betring. Bedriftsleiarar kontaktar oss når dei står overfor strategiske, operasjonelle eller finansielle utfordringar. Gjennom oss får dei objektive anbefalingar som er gjennomførbare, men som også betrar bedrifta si evne til verdiskaping. Vi opplever også at bedriftsleiarar ønskjer at vi deltek aktivt i implementeringa av anbefalingane våre.

Kontakt: Kjetil Myrland | Partner

Se mer

Skatt, avgift og forretningsjus

Vi vil vise deg kva moglegheiter som finst. Advokatfirmaet PwC har spisskompetanse innan skatt, avgift og toll, samt innan forretningsjuridisk rådgjeving. Dette knyter seg til alt frå selskapsrett, transaksjonar, fast eigedom og kontraktsrett til nasjonale og internasjonale arbeidsforhold. 

Kontakt: Hugo Marøy | Partner

Se mer

Rekneskap

Betre styring med oppdaterte og tilgjengelege rekneskapsrapportar. Vi skreddarsyr rekneskapsrapportar til behova dine for styringsinformasjon - nøkkeltal tilpassa bedrifta di. Uansett behov vil rapportane alltid vere oppdaterte, og du avgjer sjølv om du vil bruke PC, nettbrett eller smarttelefon.

Kontakt: Tore Sørbotten | Senior Manager

Se mer